Kvifor stå opp ein time tidlegare

For mange foreldre er morgontimane dei mest hektiske i løpet av dagen. Med vekking, stelling og smørjing av matpakker skulle ein gjerne hatt eit dobbelt sett med armar for å få alle endane til å møtast. Heldigvis finst det hakket meir realistiske metodar for å få ein så god start på dagen som mogleg. Eit tiltak som kan gje ein enorm effekt og som i tillegg ikkje krev ei krone, er å stå opp ein time tidlegare.

Meir tid for seg sjølv

Vi kjenner alle til følelsen av å forsove seg, og stresset og ubehaget som det fører med seg. Å stå opp ein time tidlegare vil ha motsett effekt! Ved å ha ein time ekstra til rådigheit om morgonen vil ein ikkje berre ha ein meir produktiv dag, men ein vil òg kunne føle seg langt betre når ein har hatt ein meir behageleg start på dagen. Ved å stresse ned, puste ut og gjere noko ein liker på morgonen, vil dagen starte på ein rolegare måte for heile familien. For mange er det likevel lettare sagt enn gjort å komme seg opp ein time tidlegare enn vanleg. Her er nokre tips til korleis ein kan gjere det lettare for seg sjølv å få ein tidleg start på dagen.

1. Lag ein avtale som du ikkje kan vike unna

På netter før ein viktig avtale, som ein eksamen eller eit møte, er det vanleg å få fysiske verkingar fordi kroppen er innstilt på å stå opp i tide. Det kan vere meir krevjande å stå opp dersom det berre er vekkarklokka ein skuffar dersom ein heller vel å sove vidare, så ved å gjere seg ansvarleg for noko som ikkje berre går ut over ein sjølv kan føre til ein større motivasjon til å komme seg opp.

2. Ver tolmodig

For mange er det urealistisk å skru vekkarklokka frå 7:00 til 5:30 med ein dags mellomrom. Ein idé kan derfor vere å gjennomføre det gradvis. Ved å stå opp 5 minutt tidlegare kvar dag vil du etter 12 dagar stå opp ein time tidlegare enn utgangspunktet. Menneske motiverast ikkje av logikk, vi motiverast av resultat. Ved å nytte seg av denne metoden vil ein oppnå meistringskjensle kvar dag.

3. Tilpass omgjevnadane dine slik at det vert enklare å stå opp tidleg

Sett vekkarklokka på andre sida av rommet slik at du er nøydd til å stå opp for å skru den av. Heng morgonkåpa opp ved sida av senga. Skaff ein kaffetraktar med automatisk klokke slik at du kan stille kaffien inn til å traktast når vekkarklokka di går av. Når omgjevnadane er tilrettelagt, vert det òg lettare å følge opp.

4. Finn gode assosiasjonar til det å stå opp tidleg

Dersom du tenker at du vil stå opp tidleg for å trene til trass for at du kanskje ikkje liker å trene, vil dette med stor sannsynlegheit berre gjere det tyngre å stå opp. Planlegg heller å gjere noko du faktisk har lyst til å gjennomføre, kanskje noko for deg sjølv! Finn ein indre motivasjon til å stå opp tidleg. Kva ynskjer du å oppnå i løpet av morgonen din? Å stå opp tidleg fortener ei belønning, ikkje en straff.

5. Dokumenter framskritta dine

Dette kan vere så enkelt som å krysse av på kalendaren på dei dagane der du klarte å stå opp til planlagt tid. Jo fleire dagar du har oppnådd målet, jo høgare terskel er det for å bryte kjeda. Etter kvart vil det bli ein vane, og det å stå opp tidleg vil nærmast ikkje krevje ein tanke.
Det kan altså vere lett å undervurdere kor viktig morgontimane er for korleis dagen utspelar seg vidare, men ved å ha meir tid for seg sjølv på morgonen vil dagen kunne utfolde seg på ein betre måte for både forelder og barn. Det viktigaste er likevel å vere snill mot seg sjølv, det ter nemleg tid å etablere ein god vane. Og du, husk at det å få nok søvn er veldig viktig. Skal du stå opp tidlegare, krev dette at du og legg deg tidlegare. Lykke til!